Møt våre kunder: Gry Støbakk Ytterland

Møt våre kunder: Gry Støbakk Ytterland

Namn: Gry Støbakk Ytterland

Alder: 38 år

Yrke: Utdanna lærar, rektorutdanna og jobbar no som rektor på øya Giske i Giske kommune

Bustad: Alnes 

 

Kven er Gry?

Eg er gift med Asgeir, tenåringskjæraste, som etter 22 år fortsatt er den store kjærleiken. Er mamma til tre, Noah (14), Jakob (10) og Hanna (8), dotter til foreldre som eg har eit nært forhold til, søster, svigersøster/datter og tante til ein heil flokk. Familie er ein stor del av meg. Eg er avhengig av gode venar, nyt kvart eit møte og skulle helst hatt meir tid saman med dei. Sosialt liv gir meg energi og eg klarer meg knappast ein dag åleine. Nokre timar i stillhet, eller med enkel underhaldning på tv kan likevel vere godt innimellom.

Kva held du på med?

Eg held på med mykje. Eg har alltid hatt mange jern i ilden, og har dei siste åra måtte øve meg på å takke nei, slappe av og finne roa i meg sjølv og i dei nære relasjonane. Eg er lidenskapleg opptatt av jobben min, og opplev at eg som rektor har stor påverknadskraft på tilsette, elevar og i utstrekt grad, fleire familiar. Eg veit at eg kan gjere ein forskjell og gjer så godt eg kan for å forvalte den oppgåva på best mogleg måte. Akkurat no kjenner eg på at coronasituasjonen har gitt familien litt meir ro i kvardagen og at vi stresser mindre. Eg har nytta anledninga til å gjere det eg har vore minst god på dei siste åra, å kome i fysisk god form. Eg ser at denne balansa er heilt avgjerande for å opprettehalde bærekraft i eige liv – å vere aktiv i yrkeslivet og ta vare på familie, fritid og relasjonar. Etter 11 år i Oslo flytta vi tilbake til Alnes rett før termin med sistemann. Vi fekk kjøpt eit gamalt og lite hus kor vi tok enkle oppussingsgrep i påvente av større renovering og påbygg. No etter mange år med planlegging og arbeid ser vi at heimen vår er på veg til å bli slik vi har hatt ambisjonar om at den skulle vere, ei planløysing som er tilpassa oss, med blant anna surfedusj i kjellaren og eit stor allrom med plass til mange rundt middagsbordet.

Adele Jobbveske

I mitt første arbeidsår som rektor fekk eg Adele jobbveske, størrelse large, i gåve frå mine foreldre. Eg har vore på jakt etter den perfekte jobbveska som rommer alt eg treng for å utføre jobben min, samtidig som den har plass til andre viktige eigendelar. Eg har brukt den kvar dag sidan eg fekk den. Den fungerer nesten som eit fleksibelt kontor i perioder. Å få ei ARV-veske i gåve set eg stor pris på. Å vite at foreldre føl med, oppmuntrar og heiar, sjølv i vaksen alder, er godt å bere med seg i livet. 

Korleis liker du veska?

Eg elsker at den har eit klassisk utsjånad og at den kan brukast til alt. Når dagane er hektiske opplev eg at alle dei «små bitane» får plass og at veska på eit vis samlar dei slik at eg finn ei slags orden i kaoset. Det er ikkje tvil i at arbeidskvardagen min er krevjande og allsidig – veska har rom for det meste. Eg liker tanken på at dette er ei veske eg skal og kan bruke heile mitt arbeidsliv. Eg er ikkje typen som blir lei av ting og prioriterer heller å kjøpe noko som koster mykje ein gong, i motsetning til å handle impulsivt, billig og ofte. Eg opplev at ARV står for mykje av det same som eg gjer, det gjer det fristande å handle derifrå.

Se Adele Jobbveske her.

Kva er viktig for deg i livet/kva er du opptatt av?

Eg meiner at trygge relasjonar, tydeleg kommunikasjon og evne til å snakke om det som vi helst vil unngå å sette ord på er avgjerande. Dette held eg høgt i skulekvardagen, men også heime med familie og vener. Eg er opptatt av at vi må trå til for kvarandre, og at eit samfunn kor alle skal sette seg sjølv først set trygghet og det gode livet på prøve. Felles møtepunkt i lokalsamfunnet er viktig og ofte er det ikkje dei store grepa som skal til før fleire kjenner seg inkludert. Det meiner eg at fellesskapet må ta ansvar for. Å ta ansvar er ei viktig livsoppgåve, eg vil forvalte dei eigenskapene eg er utrusta med på best mogleg måte. Å bety noko for andre gir meining. Eg fekk ein kopp i gåve kor det sto; «hadde jeg ikke deg hadde jeg ikke sjangs» - eg blir varm i hjarte kvar gong eg drikk kaffe av den. Det forsøker eg å gjere ofte, gjerne med estetisk ro rundt meg og med god norsk musikk på øyre. 

 

Tusen takk Gry! Må du fortsette å få bety en forskjell for mange! Du inspirerer oss til det samme.

 

Møt flere av våre kunder: Liv & Johanne, Søstrene Berge, Benedikte Goronga og Eli

Se flere av våre vesker her




Også i Arv Stories

HVA SKAL DU GI DAMA DENNE JULEN?
HVA SKAL DU GI DAMA DENNE JULEN?

Trenger du tips til hva du skal gi dama di i julegave? Da anbefaler vi deg å lese videre.

Les mer

Ada & Edel
Ada & Edel

Edel & Ada, våre to nye all-round vesker med plass til 13'' laptop. Les om hvordan disse to ble til.

Les mer

Ta vare på vesken din
Ta vare på vesken din

Her kan du lese mer om produksjonen av våre vesker. Vi er så takknemlig for den dyktige familien i Petrer, Spania, som gjør vårt design til noe virkelig.

Les mer

x